BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Utseld // Cidersmaking på Mellombels

Utseld // Cidersmaking på Mellombels

Smakinga er UTSELD!

Jostein Magnussen frå Lovløs presenterer eit par av sine eigne sider og fleire av hans favorittsider frå inn- og utland. Foruten smaken av god cider får du servert litt ciderteori og tips til korleis du kan laga din eigen cider.

Frå dvaskt industriprodukt med dårleg rykte til det beste norske håndverksprodukt. Eplecider er i vinden. Utvalet i barar og på polet blir stadig større. Og det blir fleire og fleire norske ciderprodusentar. Men, kvifor ikkje lage cideren sjølv? Ekstremt enkelt å laga, men vanskeleg å få skikkelig godt. På dette arrangementet vil du få tips, triks, litt ciderteori og cidersmaking frå folka bak Lovløs.

390 kroner for å vera med. Det inkluderer smak av fleire ulike cider.