BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Bingo med Bingo-Brigt

Bingo med Bingo-Brigt

Me gjentar suksessen frå tidlegare i sommar og dreg i gong ein ny runde med sommarbingo på Mellombels. Bingoverten frå den første runden er på ferie. Men me har teke kontakt med eit castingbyrå og henta inn ein vikar som er minst lika kjekk som den forrige. Skodespelar og freelance bingovert Brigt Skrettingland vil losa dykk gjennom denne kvelden. 

Ta med deg bestemor og kom på bingo. Innerøyking vert ikkje tillatt. Gratis å delta.

Reglane vert nærmare forklart undervegs.