Bryne FK-legenden Kenneth Giske gjer comeback som underhaldar når han trer inn i rolla som bingovert onsdag 28. september. Denne kvelden kan du mimra deg tilbake til den tida Bryne FK var gode nok til å hamla opp med dei aller beste laga i Noreg. Monge hugsar nok godt semifinalen i cupen i 2001 når Kenneth Giske fekk æra av å avslutta kampen med ei flott 4-0 scoring – og med ein praktfull hårsveis.
Hovudpremien denne gonger er ein verkeleg praktfull hårsveis. Fotballspelara som Lionel Messi, Aaron Ramsey og Roberto Firminho har nyleg kasta seg på trenden som Kenneth Giske starta i 2001. Vinnaren av hovudrunden stikk av med eit gåvekort på klipp og totalbleiking av hår til ein verdi av kr. 1.200,- hos frisørsalongen EsterRoyal i Storgata på Bryne.
Elles er premiane som vanleg. Mokkabønner, Frukt og spenning!
Vel møtt!