Bokprat: Om tru i litteraturen
tirsdag 10.04.2018 19:00 - Mellombels ølstove
Forfattar Peter Strassegger inviterer forfattar Thomas Espevik til ein samtale om Espevik si debutbok "Hva ville Johannes gjort?" Boka, som har fått fin omtale i nasjonale media, tematiserer religiøs tru. Dette temaet har Peter lyst å utforska nærare i samtalen mellom dei to.
Peter Strassegger, Time bibliotek og Mellombels ølstove går saman om å skape blest omkring litteraturen. Me håper denne forfattarsamtalen vil vera starten på fleire slike, kor ulike forfattarar, bøker og tema får fokus.
I forkant av forfattarsamtalen 10.april inviterer me til open lesegruppe i Time bibliotek onsdag 4.april kl 19. Du treng ikkje ha lese boka på førehand for å koma. Peter vil lese utdrag av boka og me opna deretter opp for diskusjon, samtale og spørsmål til komande forfattarsamtale den 10.april
Viss du vil lese boka på førehand, kan den lånast på biblioteket.
Håper dette høyres interessant ut. Du er hjarteleg velkomen til begge arrangementa, og dei er gratis!