Bryne – Notodden // Mellombels
lørdag 05.09.2020 16:00 - Mellombels
Eit liv, ein klubb, ein ølbar. Me fekk ikkje fatt på billettar til Brynekampen i helga og viser den dermed på storskjerm på Mellombels.
Vanlegvis viser me kun EM og VM her på Mellombels. Det nivået Bryne spelar på for tida er ikkje langt unna, så då setter me på storskjermen og viser kampane til Bryne framover.
Det er gratis å komma inn. Men me vil be alle som kjem om å vippsa ein valfri sum til Bryne FK (#95984) for kvar scoring dei leverer.
Takk til Jærbladet som lar oss visa kampen gjennom Direktesport.no og takk til Bryne FK som spelar så underhaldande fotball!