Folk seier så mangt om økologisk jordbruk. Er det eigentleg nokon vits i å bruka meir pengar på økologiske matvarer, eller er det einaste godet at ein føler seg som ein litt betre person når ein gjer det? Og kvifor har ikkje fleire bønder lagt om til økologisk jordbruk på Jæren dersom denne driftsforma er så god som tilhengarane skal ha det til? Me håper på å få gode svar frå panelet!
Så langt består panelet av
Åslaug Å. Grude (økologisk bonde)
Laurits Stokkeland (økologisk og konvensjonell bonde)
Willy Finnbakk (konvensjonell bonde)
Bjarne Kvist Hansen (representant frå Oikos)
Anne Kathrine Edland (avdelingsleiar for landbruk ved Øksnevad vgs)
Vidar Nedrebø (dyrlege)
Kristine M. Stensland er ordstyrar.