BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Egge // Mellombels

Egge // Mellombels

Skranglerockaren Egge kjem tilbake til Mellombels. Sist han var her varma han opp for Romskip, no kjem han med sitt eige band og eit heilt nytt album. Fekk du ikkje nok av Egge då han avslutta sommarens Ranglerock eller gjekk du glipp av heile Ranglerock? Ikkje gå glipp av denne konserten på Mellombels!

Egge er ein soloartist frå Bergen som lagar skranglete rock med engelskspråklege tekstar. Han debuterte i 2019 med kultklassikaren Egge Stadium, som av Bergens Tidende fekk terningkast seks og følgjande omtale: «Egge fremstår fullstendig original i en verden der selv den alternative rocken i større og større grad føles strømlinjeformet.» Som følgje av albumsleppet blei Egge våren 2019 plukka ut til å varma opp for bergensbandet Kakkmaddafakka på deira omfattende Europaturné.

No tek skranglekongen Egge med seg flotte musikere, for å gi oss ein fullverdig «EGGE-experience»! Bli med å feire albumslippet av «Destinys Child», og opplev EGGE på nært hold!