BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Erlend Ropstad // Kulturbanken

Erlend Ropstad // Kulturbanken

Erlend Ropstad & De Rotløse kjem til Bryne igjen for ein etterlengta sleppturné for den nye plata: «Da Himmelen Brant Var Alle Hunder Stille».

Mellombels er ikkje lengre stort nok for dette rockefenomenet. Det er difor ein glede å kunne sette denne konserten på Brynes nye storstue for konsertar. I Hvelvet til Kulturbanken!

Erlend Ropstad har lagt stein på stein i sin 15 år lange musikkarriere. Beskrevet som ein klippe og kolossal artist innen Norsk rock, har han sakte, men sikkert gått frå supportjobber her heime og i Europa, via små klubber, og hundrevis av konsertar senare spelte han på Øyafestivalens hovedscene og fylte Rockefeller i 2019.

I april 2021 ga han ut førebels siste album «Da Himmelen Brant Var Alle Hunder Stille». Albumet mottok toppkarakter i Dagsavisen, Dagbladet, NRK Sørlandet og ellers utelukkande særs gode omtalar, høge strøymetal og heftig radiospeling. Hans reflekterande og trygge personlegdom, i kombinasjon med kompromisslaus låtskriving i den høge og tunge delen av rock, gjer at han beskrives av stadig fleire som norsk rocks fremste eksponent for sjangeren.