Farse- og ølsmaking
torsdag 29.06.2017 19:00 - Mellombels ølstove
Er du ein av dei som alltid har lurt på kva øl som passar best til baconfarse i brød? Eller kven som lagar den beste farsa? Då må du melda deg på testpanelet for denne kvelden.
Smakinga består av to deler. Først vil me blindsmaka fem typer baconfarse produsert på fem ulike utsalssteder. Kven lagar den beste farsa på Jæren? Farsa vert testa uten brød, men det vert servert eit snitt med øl til smakinga.
I andre del har me fått besøk frå eit brygghus frå Torp utanfor Fredrikstad. Dei tar med seg fem ulike øl som me skal få smaka på. Halvor Lindrupsen frå brygghuset har aldri smaka farse i brød før og vil få sitt aller første møte den jærske delikatessa under denne smakinga. Bli med å smak deg fram til den beste farse og ølkombinasjonen!