BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Foredrag: Eit brev heim av Peter F. Strassegger

Foredrag: Eit brev heim av Peter F. Strassegger

GARBORGDAGAR 2018:

Peter F. Strassegger har kome heim til Garborgland og gjer eit forsøk på å danna seg eit bilete av Garborg. Strassegger vitjar Mellombels igjen og tek med seg eit foredrag om korleis han har oppdaga Garborg.

– Eg veit lite om Garborg frå før, men no som eg flytter heim til Jæren, forsøker eg å finna ut kven ein blir kjent med når ein spør folk om Garborg i dag. Kva slags historier fortel dei, er Arne og Hulda framleis viktige for folk i dag, kva slags tankar og minner får folk når dei høyrar namnet Garborg?

Mitt håp er at dette kan laga nye inngangsportar til ein litterær kanon som er litt vanskeleg å få tilgang til, og som har lett for å bli forsteina i gjengse oppfatningar.

Gratis inngang!

www.garborgdagar.no