BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Førjulsvrede med Skambankt

Førjulsvrede med Skambankt

Skambankt kjem til Mellombels for å lansera årets vredeøl.

22. desember inviterer dei til O Jul Med Din Vrede 2018 på Vaaland 1889. Dette er ein slags førfest før den store årlege julefesten. Årets vredeøl vert brygga under opne gjæringstankar i eit bryggeri i Florø. Bryggar Odin Blomset kjem sørover denne kvelden for å presentera det nya ølet og fleira andre øl frå same bryggeri.

Det vert også ein særs eksklusiv akustisk minikonsert med Skambankt. Ein heilt unik moglegheit som du ikkje vil gå glipp av. Konserten vert holdt av originalbesetninga til bandet: Terje Winterstø Røthing, Hans Egil Løe Abelsnes og Tollak Kalvatn Friestad.

Kor mykje kan dette kosta tenker du kanskje? Det er heilt gratis å koma inn. Men du må betala for øla. Og du bør vera tidleg ute for å sikra deg plass. God jul!

NB: Merk tidspunkt.