BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Gjensameiningskonsert med Heavy Heads + support

Gjensameiningskonsert med Heavy Heads + support

Skjærtorsdag vert det halden ein minifestival med heile tre band på plakaten. Heavy Heads gjensameinast til ein sjeldan konsert i denne høgtida. Med seg har dei VÅG og Ballonger og Sjampanje.

Heavy Heads:
Etter tre år med venting er endeleg Brynes store musikksøner tilbake på scena. Bandet vart kjent allereie når gutane var kun 15 år gamle, men i etterkant har dei teke store steg musikalsk, og gler seg nå til å gje deg gamle slagerar som Rolling Wheel og Still Rolling på Mellombels ølstove i påska. Dei tek med seg VÅG og Ballonger og Sjampanje for å gje deg ei uforgløymeleg orgie av allsong, pils og goodtimes!

VÅG:
VÅG held fort i Americana-inspirert hald. Folk-en er hovudvegen, med avkøyrsle til både pop-en, rock-en og distrikter. Sjelfull tematikk om livets mysterium, kjærleik og vennskap vert pakka inn i kraftfulle stålstrenger, med vennlege nikk til 60-70-talets landlege tonar.

Ballonger og Sjampanje:
Med ei langstrekt kurve mellom alt som finst innanfor for det melankolske, det pompøse, det absurde og det sørlandske ruslar dei fem konstituerande gjennom vidstrekte vidder av botnsolide rytmer, som saman med eminente synther og orgel febrilsk prøver å følga turbulente gitarar. Pop-en møter rock-en, som saman tek ein dukkert i funk-en, for så å tørka seg i prog-en. Nokon har på eit tidspunkt køyrt galen stil og sluppe ein kristiansanding ned i gryta (eventuelt har kristiansandingen sluppe gryta opp i seg) og mana fram Ballonger og Sjampanje.

Billettar kan tingast her:
http://mellombels.ticketco.no/paasketrippel_heavy_heads_vaag_og_ballonger_og_sjampanje