Gorrlaus // Folkemusikk på Mellombels // Ottar Kåsa & Thov G. Wetterhus
lørdag 21.08.2021 14:00 - Mellombels
Ottar Kåsa - Hardingfele
Ottar Kåsa er hardingfelespelemann og felemakar frå Arabygdi i Vinje. Han har fått eit utal prisar og utmerkingar opp gjennom åra, både for spelet sitt og for felebyggar kunsten. Han har gitt ut to plater på Ta:lik og vann blant anna spellemannsprisen for den første og folkealarmprisen for begge. Kåsa har ei stor slåttekunne og kjem til å presentere ein del felestiller og slåttar som ikkje er så ofte i bruk i konsertsalar og dette er ein glimrande sjanse til å høyre eitt breitt spekter av musikk frå Telemark. Kåsa har eit svevande og drøymande spel med flott tonalitet og utstrekt rytmikk som gjer det lett for tankane å vandra av garde med musikken.
Thov G. Wetterhus - Munnharpe
Thov G. Wetterhus er gardbrukar og munnharpespelemann frå Nore i Numedal. Han har eit drivande og suggererande spel som akkurat har blitt dokumentert på utgjevinga "stålslått" i serien "perspektiv på norsk folkemusikk" på Motvind Records. Frå plateselskapet: "Munnharpa har ein mektig klang og konnotasjonane med okkultisme og sjamanisme er openbare. Middelalderfestelementet er tydeleg til stade på denne utgjevinga. Samstundes er dette sylvskarp klubbmusikk. Musikk som bør spelast høgt. Dansarar, lyttarar, DJar og rånarar, denne er til dykk!".
"Thov G. Wetterhus frå Numedal har gjeve ut ei uvanleg fascinerande plate som viser kor suggererande dette vesle instrumentet kan fungera i hendene på ein svært god utøvar" - Sigbjørn Apeland, Dag og tid.
"We hear Wetterhus in tight close-up, as if we're in his skull. It's big and immersive, and the melodies from those shifting harmonic tones are unusually clear. Add in Wetterhus's boot pumping the floorboards, and you've got a bucolic techno" - Clive Bell, The Wire
-------------------------------------------------------
Gorrlaus er ein konsertserie basert i Stavanger som er drive av musikar og musikkentusiast, Anders S. Hana. Konsertserien presenterer kompromisslaus tradisjonell slåttemusikk og andre typar musikk som er basert på tradisjonsmusikkens tonale og rytmiske byggesteinar.