BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Granem // Mellombels // Garborgdagar

Granem // Mellombels // Garborgdagar

Av og til høyrer me på Mellombels på ny musikk og tenker «dette må me få til Bryne». Det var dette me tenkte då me høyrde debutskiva til Granem i fjor. Endeleg har me funne ein passande plass til denne fabelaktige visefolksongaren i programmet vårt. Under Garborgdagar 2021 kjem han i duoform med Einar Stenseng på tangentar for å framføra desse låtane og høgst sannsynleg nokon nye låtar.

Songane tek for seg utanforskap, einsomheit, venskap, liv og død. Tekstuniverset er på norsk, og formidlar ein djup kjærleik til naturen. Granem er musikkprosjektet til Frode Granum Stang. Debutalbumet Solstreif, som kom i 2019, blei møtt med strålande kritikkar. Helge Skog i Feedback/iTromsø trillet ein særs sjeldan seksar på terningen og kåra albumet til både årets beste norske album og tiårets tredje beste norske album(!).

Om referansar skal nemnast, så blir det nikka både musikalsk og tekstleg i retning av Wovenhand, Stein Torleif Bjella, In Gowan Ring, Allan Edwall, Erik Bye, Steve Reich, Hans Børli, og sjølvsagt Tor Jonsson.

Granem består denne kvelden av:
Frode Granum Stang: Vokal og gitar
Einar Stenseng: Tangenter og kor


Besøk Granem på:
Facebook: https://www.facebook.com/granemlyd/
Bandcamp: https://granem.bandcamp.com/
Instagram: https://www.instagram.com/granem_/


Tid: Torsdag 28. januar kl. 21.00
Stad: Mellombels ølstove
Pris: 250 (+ avgift)
Arrangør: Garborgdagar og Mellombels


Foto: Eivind Nakken