BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Grønt symposium med Rasmus Hansson

Grønt symposium med Rasmus Hansson

Kva er "grønt næringsliv"? Korleis skal me tilrettelegga for framtida, og kva skal me i Rogaland gjera for å skapa fleire grøne arbeidsplassar?

Rasmus Hansson (stortingsrepresentant for Miljøpartiet De Grønne) i samtale med Anna Kvam (førstekandidat for Miljøpartiet De Grønne Rogaland og nasjonal talsperson for Grønn Ungdom), Klaus Mohn (professor i petroleumsøkonomi ved UiS), Rune Dahl Fitjar (professor i innovasjonsstudier ved UiS), Erik Thoring (daglig leiar for Naturvernforbundet i Rogaland) og ordstyrar for kvelden: Morten Tønnessen (leiar for Miljøpartiet De Grønne Rogaland).

Det vil òg bli kulturell fôring, med musikalske innslag frå den lokale artisten John Gravdal og humoristiske skråblikk frå Ove Martin Mellemstrand.

Opent for alle som er nysgjerrige og interesserte i grønt næringsliv og grøne arbeidsplassar.