Hemmeleg ølmiddag med Espen Lothe på Mellombels
fredag 17.09.2021 18:00 - Mellombels
Espen Lothe frå Kinn Bryggeri kjem til Bryne for å servera øl til ein Hemmeleg ølmiddag på Mellombels! Saman med Mellombels sine ølkelnere og kokkane på Hemmeleg sett dei saman ein fem-rettars middag med passande øl. Bli med på ein middag der fem av øla til Espen blir matchet med god mat frå Hemmeleg.
Espen er grunnleggaren av Kinn Bryggeri. I 2009 starta han opp Kinn Bryggeri i eit 80 m2 stort lokale i hovudgata i Florø. Han har stor lidenskap for godt øl og god mat. Espen er lektor i biologi, men etter å ha jobba som lærar i nokre år og bryggja heime på kjøkkenet i endå fleire år, bestemte han seg for å gjere hobbyen til levebrød. Målet til Espen er å lage godt øl og forkynne ølkultur.
Middagen inkluderer fem-rettars middag og smak av fem ulike øl.