BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
I Was A King // Mellombels

I Was A King // Mellombels

I Was A King har laga nytt album med Norman Blake frå Teenage Fanclub som produsent. Platene har Frode Strømstad sjølv laga i den nyoppretta vinylpressa si i Egersund. Denne kvelden kjem dei til Mellombels med dei nye songane både i fysisk og levande format.

I Was a King er ein av de dei fremste representantane for ein stadig meir utrydningstrua DIY/undergrunnspop-scene i Noreg. Fronta av Frode Strømstad og Anne Lise Frøkedal, står bandet støtt fast ved trua på den gode melodien.

Den nye plata beskrives som "tolv konsise øyeblikk i skjæringspunktet mellom power- og indiepop. Et enkelt, energisk og fengende lydbilde, fundamentert i dobbelvokal, gitar, bass og trommer." Me gler oss til den vert slept 8. mars og til dei spelar den på Mellombels 28. mars.

Billettar kan kjøpast på:
http://mellombels.ticketco.events