BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Jon Olav // Mellombels

Jon Olav // Mellombels

Ranglerock presenterer: JON OLAV

I samband med Garborgdagar 2018 har Ranglerock tinga Jon Olav til å koma å spela på Mellombels! Gå ikkje glipp av denne moglegheita til å sjå den beskjedne «frelsaren av norsk musikk» på Bryne.

JON OLAV er klar for å bli Noregs nye superstjerne. Først vil han berre vise fram langfingeren sin bitte, bitte litt til.

Med låta “Talentfabrikk” rettar han fingeren sin mot Idol, plateselskap som utnyttar og andre i musikkbransjen som måtte føla seg trefte. Han er framleis like ung og dum, men med den nye låta si viser han for alvor eit punka uttrykk og stadfester samtidig at han ikkje er eit blaff. Vågar me kalla det ein krysning mellom Sondre Justad og Honningbarna?

JON OLAV har vore eit heitt namn i media den siste tida. Over 350 000 mennesker har fått med seg debutsingelen “Hei Erna”. Til og med P3 fekk auga opp for Sunnmøringen og kåra han til Ukas Urørt kun eit par veker etter at musikkvideoen til låta kom ut. Og etter kort tid blei han i tillegg tinga til bransjefestivalen Trondheim Calling. Så namnet hans er med andre ord venta å dukke opp fleire stadar i tida som kjem.

Etter den suksessfulle debuten har han også fått ei førestilling om at han er ein slags Messias i norsk musikk, som no skal til å frelsa Noreg med nok eit godt bodskap. Endå fleire vil elska han og endå fleire vil garantert hata han.

Hei Erna:
https://www.youtube.com/watch?v=eQqp8xVhg4s

Talentfabrikk:
https://www.youtube.com/watch?v=9XrsP_PjMe8