Jørgen Tjemsland // Mellombels
torsdag 24.02.2022 21:00 - Mellombels
Jørgen Tjemsland er komikar, båtbyggjar, trebarnsfar, skodespelar, lyrikar, dokumentarist, siglar, norsklærar og medmenneske; og samstundes ikkje noko av dette. Uansett; Saman med Tukan Records vert albumet Burde sikkert kanskje gjort klart for publikum i februar 2022.
I samband me det nye albumet har Tjemsland laga ei kjenslevar førestilling. Framføre mikrofonstativet, akkompagnert med heimelaga elgitar og gamle ampar kopla i stereo, syng han forteljingane sine. Medan strålar frå ei malplassert diskokule sveiper over scena, spelar det seg fram ei førestilling som er ekte, løyndomsfull og til tider ganske løyen; om livet, dauden og truleg litt om det som er i mellom òg.