BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Jørgen Tjemsland // Mellombels

Jørgen Tjemsland // Mellombels

Jørgen Tjemsland er ute med ny plate! Med gode kritikkar og ei diskokule er Jørgen klar for å spela konsert på Mellombels. Oppdag og opplev denne fantastiske visesongaren og kom på konsert. Gir deg opp til grining på Mellombels med denne historia om den etterlengta andreplata til Jørgen Tjemsland.

PRODUKSJONEN
Den vanskelege andre plata: Kva gjer ein når ein driv kombibruk med låtskriving og traust arbeid i fylkeskommunen og ikkje får gang på det? Initiativet kjem til den som ventar og ein dag kjem det SMS frå ein kar som har sans for musikken min – Morten Abel, han sjølvaste. Morten spør om eg vil spela på eit lite arrangement han planleggar. Sjølvsagt! Her dukkar òg September When-bassist og produsent Gulleiv Wee opp. Når eg etterkvart får plugga i gitaren og spelt ein av dei nye songane, byrjar plutseleg kona til Gulli å gråte litt uti songen. Produsenten vert sjølvsagt nysgjerrig på kva som rører dama si og etter litt mykje vin er me einige om at Gulleiv skal produsera neste plate og så kjem koronaen. No er både koronaen og albumet Burde sikkert kanskje ferdig. Innspelinga har vore ein pur glede og eit prov på at det å laga plater ikkje treng og vera ei smertefull historie. Smerten har me lagt att inni songane.

MOTTAKINGA
Når ein har filt att og fram på songar til albumet lenge nok, skal dei sjølvsagt ut. Det kan vera skummelt nok og korkje eg eller produsent Gulleiv Wee hadde særleg peiling på korleis mottakinga skulle verte. No er det fredag 11. mars og eg ringjer Gulleiv. Han ligg visst og søv i ein buss på turné med Janove i Arendalstraktene. Meldinga i Aftenbladet er fantastisk:

«Verdig en tåre. Plate: Kona til bassisten grein mens Jørgen gaulte med gitaren. Det endte med et av årets beste stavangeralbum.»

– Stavanger Aftenblad Terningkast 5

Samtalen vert kort, Gulleiv vil lesa sjølve. Snart plingar meldinga frå bassisten: «Det burde vært ein seksar, dessutan grein eg òg».

Kom på konsert og grin du òg!