Julebrussmaking på Mellombels
søndag 01.12.2019 15:00 - Mellombels
Mellombels ølstove samarbeidar med Hemmeleg restaurant for å laga førjulstidas triveligaste arrangement for born og vaksne. Me senker aldersgrensa til 0 år for å servera smaksplankar med fem forskjellige julebrus. Saman smakar me oss fram til den beste julebrusen og kårer Brynes favoritt.
Hemmeleg vil servera riskrem med gele og julekrønsj som er inkludert i billetten. Vaksne som vil vera med som følge treng ikkje billett. Me legg ut eit særs begrensa antall billettar fredag 8. november klokka 09:00. Det er fare for ekstrasmakingar dei andre søndagane i advent om trykket vert for stort.
Billettpris: 125 kr. Inkluderar fem smaksglass med julebrus, ein porsjon riskrem.
Billettane vert lagt ut fredag 8. november klokka 09:00.