BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Kaffismaking med Austrått Kaffebrenneri

Kaffismaking med Austrått Kaffebrenneri

Tor Sigve Taksdal frå Austrått Kaffebrenneri vitjar stova vår for å fortalla om korleis han driv håndtverksbedrifta si. 

Me får ei innføring i kaffi og han vil fortella kvar kaffien han brenn kjem i frå. Vidare fortell han korleis den haustast og vert behandla før den ender opp i kaffikoppen din.

Under føredraget håndebryggast det tri unike kaffitypar som me smakar på underveis. Tor Sigve tek også med seg nokon liter med kaldbrygga kaffi som me vil nytta til å blanda ein fin kaffi-cocktail. Smakinga avsluttast med lansering av ein porter med kaffi og vanilje som eit lokalt ølbryggeri frå Eigersund har brygga.

Hendinga koster 200 kroner hvis du kjøper billett på førehand. 230 hvis du kjøper billett i døra. 

Inkludert i prisen er smaksprøvar av kaffi, ein kafficocktail og eit snitt med øl.

Det vert også høve å kjøpa kaffi og kaffibryggingsutstyr frå Austrått Kaffebrenneri etter føredraget.