Kvadruppel juleølsmaking
fredag 13.12.2019 20:00 - Mellombels
Bli med og smak sterk øl saman med sterk ost. Me held fram med mindre juleølsmakingar fram mot jul. Denne kvelden finn ølkelner Bjørn Hagerup Røken fram fire ulike quadrupel og smakar på dei saman med fire ulike slag sterke oster. Gamalost, Kraftkar, Fønix og 5 år vellagra Jarlsberg.
300kr for å vera med. Inkluderer smaking av 4 ulike quadrupel og fire typer ost. Send oss ei meding på facebook eller send mail til bjorn@mellombelsolstove.no for å melda deg på.