Miniranglis – trippel vårkonsert
søndag 30.04.2017 19:00 - Mellombels ølstove
Ranglerock varmar opp våren for deg med miniranglis i Mellombels ølstove, med guddaste The Wednesday Knights, HOTEL HOTEL og special guests Svenssen på scena.
The Wednesday Knights
The Wednesday Knights består av ein gjeng platesamlernerdar og musikkfanatikarar, som spelar garasjerock inspirert av det skitnaste sekstitalet, filtrert gjennom åttitals garage-revival og passelege dosar boogie, punk og blues. Perfekt for ein sundagskveld på Bryne, vil me påstå.
Etter at radioprogrammet Kvegpels hadde fått høyra nokre låter frå albumet bandet kom ut med i fjor, My Problem is You, uttalte programleiar Kristopher Schau til Deichmanske musikkblogg at plata frå The Wednesday Knights var den neste han skulle kjøpa: "Neste ut er forhåpentligvis bergenserne i The Wednesday Knights. Det lille jeg har hørt låter helt fantastisk synes jeg. Håper den kommer snart."
Hotel Hotel
Hotel Hotel er eit musikalsk prosjekt beståande av Vegard Urne, også kjent som ein av vokalistane og låtskrivarane i countrybandet Empty Bottles Broken Hearts og medlem i The Wednesday Knights. Fjorårets LP-utgjeving The Kneeling, oppfølgjar til debuten Famous Smile frå 2012, fekk Bergen Tidenes anmeldar til å dra på med superlativ som “briljant tristesse”, “eit melankolsk høgdepunkt” og “eit av årets album”. Hotel Hotel kan gjerne kallast for Bergens svar på General Forsamling.
Svenssen
Desse evige ranglarane og skaparane av den makelause musikkfesten Ranglerock, ubetinga tilbedarar av England, prinsar av det nye sekstitalet og Time-bygdenes rockeheltar er sjølvsagde leverandørar av god stemning når tidenes første Miniranglis går av stabelen. Svenssen legg mykje flid i dei små detaljane og gjer alltid det dei kan for å spreia maksimal musikkglede til svoltne publikummarar.