BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Påskebingo med Bingo-Brigt

Påskebingo med Bingo-Brigt

Ryktene har svirra i bingomiljøet på Bryne den siste tida og mange sit med fleire spørsmål dei ikkje får svar på. Har dei slutta med bingo på Mellombels? Kvifor? Er dei tomme for Mokkabønner hos Nidar? Kvar skal me då få tilfredsstilt behovet for handverksøl og spenning? Fortvil ikkje. Bingoen er tilbake på Mellombels.

Bingovertane i undergrunnsbingomiljøet på Jæren har lenge kjempa om kven som skal få leia årets første bingo i 2017. Verten som kom seirandes ut frå duellane var sjølvaste Bingo-Brigt. Og det er han som får svinga bingohjulet i stova vår i påska.

Blant premiane denne gong har me fått inn eit parti retro allvêrsjakker, frukt og ein ny ladning mokkabønner.