BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Pitch & pils

Pitch & pils

Saman med Gründerarena Jæren arrangerer me Pitch & pils. Ein uformell arena der næringslivet og idémakarar på Jæren kan knyta kontaktar.

Er du ein gründer med ein idé du har lyst til å presentera for andre gründerar og for næringslivet? Meld deg på til Pitch & pils. Send e-post til hr@jprod.no for å melda di interesse. Då vil det bli mogleg for deg å presentera ideen din og få tilbakemeldingar etterpå. Kan henda treff du også på nokon som vil investera i akkurat din idé, eller hjelpa deg vidare på gründerreisa.

Du er sjølvsagt òg hjarteleg velkomen om du berre vil koma for å sjå kva som rører seg i gründermiljøet på Jæren.

PROGRAM:
- Introduksjon ved Gründerarena Jæren
- Presentasjon av gründerhistoria bak Mellombels ølstove.
- Pitching. Kvar deltakar får tre minutt til å presentera sin idé.
- Mingling og knyting av nye kontaktar.

Dørene opnar kl. 18:00.