Plateverkstad med Jørgen Tjemsland
torsdag 15.03.2018 21:00 - Mellombels ølstove
Låtsnekrar Jørgen Tjemsland kjem tilbake til Mellombels for å presentera den heilt nye låta «Den lunefulle våren». Låta vart laga etter innspela han fekk frå publikum under konserten han hadde 15. februar. Nokon av stikkorda i songen er «rennedrev», «Bryne torg», «vår» og sjølsagt «skrustikka». Under konserten vil det vera mogleg å komma med forslag på tema og ord til den neste låten på plata. Går du med for mange ord inni deg? Møt opp og gje dei til låtsnekkaren. Kanskje vil ditt ord komma med i neste verk?
Mykje tyder på at Jørgen tek med seg eit elitelag med musikarar til denne konserten. Mellom anna ein professor i kontrabass og vårt lokale jazz-talent Signe Irene Time. Gå ikkje glipp av verdspremiera av den nye låta, samt eit knippe av Jørgen Tjemsland låter i nye konstellasjonar.
Jørgen Tjemslands plateverkstad er eit prosjekt der låtskrivaren gjennom en konsertserie på 12 konsertar snekrar saman eit nytt album. Målet er å halda ein konsert i månaden til han har satt saman 12 nye songar. Gjennom å legge press på seg sjølve og overlata kontrollen til publikum satsar Jørgen på å finna inspirasjon til å laga eit nytt album i løpet av det komande året.