Ranglequiz med Ådne & Otto
lørdag 13.07.2019 15:00 - Mellombels
Ranglequizen med Ådne og Otto er tilbake på programmet. I forbindelse med Ranglerock 2019 arrangerer guttane i Svenssen musikkquiz for alle som skal rangla eller tilfeldigvis er innom Mellombels denne ettermiddagen.
Otto tek med iPoden sin og skal spela masse god musikk med både lette og særs vanskelege spørsmål til. Skrap saman eit lag og kom på Mellombels.
Cirka fem personar per lag. Premier kvar runde.