Ranglerock-kickoff // Konsert: Rossman
søndag 04.06.2017 19:00 - Mellombels ølstove
Kun ein liten månad til Ranglerock, og me går i gang med ein aldri så liten kickoff før festivalen. Det vert lansering av årets festivaløl og det vert arrangert ein liten Ranglequiz.
Billettpris: 200 kr. Halv pris til alle som nyttar Vipps til å betala for billetten. Vippsbillettane finn du på Mellombels ølstove sin meny på Vipps. Alle som vil jobba frivillig under årets festival kjem gratis inn på konserten.
Dørene opnar klokka 18:00.
Ranglequizen startar klokka 19:00.
Konserten startar klokka 21:00.
Med sitt skranglete fem-mannsorkester kjem Rossman ridande på sin høge hest med eins ærend å fylla det store vakuumet av norsk på norsk kvalitetsrock som er å finna i det norske musikklandskapet. Tekstar som flyr av garde kjappare enn Øystein Sundes skugge, akkopagnert av smakfulle melodiar og fengande refreng på grensa til allsong. Rossman syng om urmennesket frå eit moderne, tenkande menneskes perspektiv.
"Så kom, kom, kom
kom og få litt utløp for din indre neandertaler."
Aslak Rossehaug - vokal, gitar, banjo
Edvard Sundquist - gitar
Sven Eivind Stakkeland - orgel
Mathias Steffensen - bass
Håvard Kværne Hansen - trommer