BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Snakk! Om framtidsvisjonar

Snakk! Om framtidsvisjonar

Så lenge me kan hugsa har Noreg vore eit kapitalistisk samfunn med representativt demokrati. Me skryter av å vera eit av dei mest likestilte landa i verda, me er rike som berre det, og me påstår også at me tenkjer på miljøet, i alle fall i forum der grønt er ein trendy farge. 

Skal me halda fram i den retninga me køyrer no? Eller bør me endra spor for å få ei framtid som er annleis?

Snakk har invitert tre snakkarar til å fortelja om korleis dei meiner framtida bør sjå ut. Bør me legga om kursen og satsa på meir sosialisme, liberalisme eller miljø?

På snakkelista står Kjell Bakke, nestleiar i Liberalistene i Rogaland, Kim Keyser frå Motmakt og Anne Helen Eide som sit i kommunestyret i Time for Miljøpartiet de Grønne.