BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Snakk! Om heilt forskjellige ting

Snakk! Om heilt forskjellige ting

Denne kvelden vil de få servert tre korte foredrag om heilt forskjellige ting. 

Først ut er Ingrid Sandvik og Victoria Bergort som står bak bloggen Farmor si oppskrift. Saman jaktar dei Jæren rundt etter tradisjonelle oppskrifter medan dei smaker seg fram og lyttar til historier. 

Etter matpraten skal me ta eit par steg ned i næringskjeden og la humla susa. Ifølgje Bothild Nordsletten er humlene ikkje mindre enn livsviktige for matproduksjonen vår. I kveld vil ho visa oss verda sett gjennom humleauge. 

Tredje foredrag handlar også om levande vesen med vinger. I Høghuset på Bryne burdet to vandrefalkar. I heimen har dei fått installert overvakingskamera, så nyfikne sjeler har høve til å følgja liva deira tett. Bjarne Emil Time er ein av dei som står bak prosjektet, og han vil gje oss eit innblikk i livet dei lever som rovfuglar i urbane omgjevnadar.