BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
Snakk om øl & O-fag

Snakk om øl & O-fag

Det vert nok mest snakk om O-fag, med øl attåt. Kva Science Circus finn på veit dei som regel ikkje sjølv før dei står der. Men me kan lova at du kjem til å læra opptil fleire partytriks du ikkje kunne frå før.

Du vil læra nye måter å vinna veddemål på, og du vil få inspirasjon til aktivitetar du kan gjere i lag med ungane (vakuumpakke dei t.d.).

Det vert og ein og annan byggeaktivitet, om auge-hånd-koordinasjonen tillet det.

Finn fram din indre nørd og kom!