Snakk! om pengar, georgisme og Garborg
tirsdag 23.01.2018 20:00 - Mellombels ølstove
GARBORGDAGAR 2018:
Snakk! om pengar, georgisme og Garborg vert innleia med føredraget «Bortkomen og heimkomen Garborg – korleis georgismen kunne berga verda» ved Rolf Erik Solheim.
Etter føredraget vert det arrangert ein debatt om i kva grad georgismen kan vera ein utfordrar til kapitalismen og andre økonomiske system.
Panel:
Rolf Erik Solheim, georgist og Garborgkjennar.
Finn Gjedebo, finansmann og kapitalist
Klaus Mohn, professor i økonomi ved UIS
Debatten vert leia av Kristine Stensland.
Det er gratis å koma inn på arrangementet.