Syriske Mohammad Habeeb har i årevis kjempa for fred og menneskerettar. Engasjementet hans førte mellom anna til ni års fengsling i eit av fengsla til Assad. Habeeb er forfattar og omsettar av litteratur i den arabisktalande verda. Tekstane han sjølv skriv, er blitt stoppa av sensur. I 2015 kom han til Stavanger som Friby-forfattar. I kveld får du bli kjend med han og samfunnet han kjem frå, gjennom ein samtale med Kristine M. Stensland.