Spontan tysdag med Bjørn
tirsdag 06.10.2020 20:00 - Mellombels
Er du glad i spontanfermentert smak og aroma er dette smakinga for deg. Me smakar oss gjennom fem forskjellige produkt som er gjæra av ville naturlige gjærtyper. Her kan det dukka opp både øl, cider og vin. Fellesnemnaren er mykje funk og fjos. Du risikerer å måtte hella i deg alt frå skamsure belgiske surøl til amerikansk farmhouse og naturvin.
Smakinga koster 300 kr og inkluderer fem forskjellige smakar. Meld deg på ved å senda oss ei melding på Facebook med kodeord «funk».
Kjøp saison-kort for å sikra deg plass til alle kveldane denne hausten. Dette kan tingast ved å senda ei melding til oss på Facebook med kodeord «Saison-funk».