BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »
UtanriksSnakk med ein tidlegare ambassadør

UtanriksSnakk med ein tidlegare ambassadør

Foredrag: Ein ambassadør ser attover og framover.  

Øyvind Nordsletten er tidlegare ambassadør i Russland. Denne kvelden kjem han for å fortelja om krig og fred, diplomati og utanrikspolitikk i det 21. århundre.

Øyvind Nordsletten er frå Bryne, og har i nærare 50 år arbeidd i norsk utanriksteneste. Han var Noregs fyrste ambassadør til Ukraina, og var frå 2000 og i ni år framover norsk ambassadør i Moskva. I tillegg har han som diplomat vore på post for Noreg i Tyrkia, Irland og Murmansk, pluss leia internasjonal avdeling ved Statsministerens kontor i Oslo. Han er nå pensjonist, bur på Hognestad, og er framleis engasjert i internasjonalt arbeid.

Foredraget startar klokka 20:00. Gratis inngang.