Utseld // Ost, spekemat og Hardangersider
lørdag 13.06.2020 14:00 - Mellombels
Me får besøk frå Hardanger!
Me er glade for å kunna ta imot Kvestad Sideri, Edel Sider og Aga Sideri på Mellombels. Saman med den lokale hardingen Arild Moland smakar me oss gjennom fjorden medan dei forteller røverhistorier frå den lange sidertradisjonen i Hardanger.
Me serverer lokale oster frå Ystepikene, Voll Ysteri og Stavanger Ysteri og spekemat frå Nyyyt saman med sideren. Lagt opp med Hemmeleg tilbehør.
Pris 800 kroner per person. Inkluderer ost, spekemat og sider.
Meld deg på ved å senda ein mail til bjorn@mellombelsolstove.no