Program
/
Snakk! om åndslivet på Bryne
Konsert

Snakk! om åndslivet på Bryne

Når blei Bryne sivilisert? Bli med på ein kveld om by, kultur og åndsliv.

Dato
3 Dec
2026
Konsertstart
19:30
Stad
Mellombels
Storgata 7, Bryne
Aldersgrense
20 år
Legitimasjon i døra
pris
160
Etterpå
Ope til
0:00
Fri inngang etter konsert
Kjøp billett →
Sal via TicketCo

Med Kjell Olav Stangeland, Åse Skrudland, Arne Håland og Bjørn Hagerup Røken. Samtaleleiing ved Ørjan Zazzera Johansen. Musikk ved Pubkor Johny Fosse og Jon Are Skansen.

Snakk! inviterer til 10-års-eksistens med å gjere opp status. Korleis står det til med åndslivet på Bryne?

Med utgangspunkt i Bryne sentrum håper me å få belyst utviklinga av både ånd og by. I år er det 25 år sidan Bryne fekk bystatus. Snakk! blei oppretta 15 år seinare. Husrom fanst på Mellombels, ei kulturell ølstove som etablerte seg på torget same år. Men torget hadde ikkje akkurat vore kjend for å vere ein stad for kulturarrangement og kultivert øldrikking frå tidlegare. Så kva har skjedd?

Bystatus kan vedtakast. Eit åndsliv må skapast. Velkommen til ei blanding av sjølvgransking, mimring og feiring. Me har spurt eit knippe menneske som har levd tett på Bryne: Når blei Bryne sivilisert? Og har Bryne eit åndsliv som samsvarer med bystatusen?

Åse Skrudland og Ørjan Zazzera Johansen har vakse opp på høvevis Skrudland og Bryne, og er no tilknytte det etablerte kulturlivet på Jæren. Kjell Olav Stangeland, også frå Bryne, er kommunestyremedlem i Time Arbeiderparti og forfattar av boka «Frå utmark til by – historia om Bryne» (2021). Arne Håland var lensmannsbetjent på Bryne lensmannskontor på 80 og 90-talet, og jobba mykje med kartlegging og førebygging av kriminalitet. Bjørn Hagerup Røken starta i 2016 opp Mellombels ølstove på torget. Han har sidan vore med å starta opp fleire utestader, mellom anna Hemmeleg og Rits kafé og vinstove.

Arrangementet er eit samarbeid med Mellombels ølstove og er støtta av Time kommune.

‍

Bra å vite

→
20-årsgrense. Ta med legitimasjon.
→
Ståkonsert. Ingen faste seteplassar.
→
Kort & kontant i baren. Vipps òg.
→
Billett kjøpt på førehand er trygt — me blir ofte utselde.