Personvern

Sist oppdatert: juli 2026

Mellombels Ølstove tek personvernet ditt på alvor. Her forklarar vi kva opplysningar som kan bli behandla, kvifor, og kva rettar du har.

Kven er ansvarleg?

Mellombels Ølstove, Storgata 7, 4340 Bryne, er behandlingsansvarleg for opplysningane som blir behandla i samband med denne nettsida og kontakt med oss.

Har du spørsmål om personvern, kan du kontakte oss på post@mellombels.no eller +47 977 81 120.

Kontaktinformasjon på nettsida

Nettsida vår har ikkje noko kontaktskjema. Vi viser fram telefonnummer og e-postadresse slik at du sjølv kan velje å ta kontakt via din eigen telefon eller e-postklient. Nettsida samlar difor ikkje inn eller lagrar personopplysningar frå deg gjennom vanleg bruk.

Dersom du tek kontakt med oss på telefon eller e-post, brukar vi opplysningane berre for å svare deg – til dømes booking eller spørsmål om arrangement. Vi slettar e-postar og notat når dei ikkje lenger er aktuelle.

Deler vi opplysningar med andre?

Nettsida vår er bygd og driven på plattforma Webflow, som fungerer som teknisk databehandlar for oss. Vi sel aldri opplysningar vidare, og deler dei ikkje med tredjepartar for marknadsføring.

Cookies

Nettsida vår brukar per no ikkje analyse- eller marknadsføringscookies. Dei einaste tekniske elementa som lastar er skrifttypar og naudsynt funksjonalitet frå Webflow-plattforma, som ikkje krev samtykke etter ekomloven § 3-15.

Kartet på kontaktsida vår er eit statisk bilete med lenke til Google Maps, ikkje ei innebygd kartteneste – difor set det ikkje cookies.

Rettane dine

Du har rett til å få innsyn i, rette eller be om sletting av opplysningar vi har om deg, og til å klage til Datatilsynet (datatilsynet.no) dersom du meiner vi behandlar opplysningane dine i strid med regelverket.

Ønsker du å bruke desse rettane, ta kontakt på post@mellombels.no.