Program
/
VRAKFEBER
Konsert

VRAKFEBER

Vrakfeber er tilbake – klar for ein kveld med rock, nye krefter og den gode gamle mangelen på sjølvinnsikt.

Dato
29 Dec
2026
Konsertstart
21:00
Stad
Mellombels
Storgata 7, Bryne
Aldersgrense
20 år
Legitimasjon i døra
pris
325kr
Etterpå
Ope til
12:00
Fri inngang etter konsert
Kjøp billett →
Sal via TicketCo

Vrakfeber er tilbake på Mellombels! Den årlege tradisjonen held fram, og bandet lovar som alltid ein kveld med rock og god stemning.Etter eit år med ugyldig fråvær har Kristian meldt seg til teneste igjen, klar til å svinga både seg sjølv og bassen for eit fullstappa Mellombels. Men det stoppar ikkje der. Vrakfeber har nemleg gått til det drastiske steget å utvida stallen med Johannes Hetland som fast medlem. Med ufatteleg sløye linjer på keys og eit stemningsløft av ein slik kaliber at sjølv dei mest skeptiske bandmedlemma har byrja å tru på eit fullverdig comeback og tilhøyrande verdsherredøme. Sånn omtrent.

Om det held musikalsk mål, står att å sjå. Men med fleire medlemmer, større tru på eigne evner og den same mangelen på sjølvinnsikt er Vrakfeber klare for årets konsert på Mellombels.

‍

Bra å vite

→
20-årsgrense. Ta med legitimasjon.
→
Ståkonsert. Ingen faste seteplassar.
→
Kort & kontant i baren. Vipps òg.
→
Billett kjøpt på førehand er trygt — me blir ofte utselde.